Hjem Kontakt Kulturminner Automatisk fredete kulturminner Nyere tids kulturminner Samiske kulturminner Immaterielle kulturminner Eksempler sagn Kulturmiljø Feltarbeid Rapport

Herbrufossen, Lærdal, Sogn og Fjordane

Heimelsmann Inge Raa. Nedskrevet av Torbjørn Røberg i 1994


Herbrufossen. Foto: Torbjørn Røberg.

I eldre dagar var det ein svært flink og dugande spelemann som bar namnet Røyken. Dette namnet fordi det alltid lukta røyk av han.

Han skulle i sine unge dagar vore frampå Raasdalen ein tur og hadde då vore innunder Herbrufossen. Her skulle huldrene i fossen læret Røyken å stemma fela "trollstemma" som dei sa. Ja, så godt hadde dei lært frå seg ar Røyken vart ein stor spelemann er det sagt. Røyken budde ei tid på lægd under ein husmannsplass på Selto.

Her var hallingane og valdresane innom for å få litt mat og kvild for seg og hestane. Ein gong var det nokre valdresar som trua han til å spela. Fyrst var han uvilleg, men etter ei stund sette han i gong. Etter at fela var vorten varm, stilte han "trollstemt" og då spelte han så kaffikoppane dansa på bordet. "Der var det vi visste, at han har sjølve Styggen med seg" ropte valdresane før dei rømde ut or stova.

Valdresane sat vettskremde i stallen med hestane sine om natti, mens Røyken sat i stova åleine og spelte til "lysan dag".

Folk var overbeviste at Satan sjølv var saman med Røyken den natta.


Herbrufossen avmerket på kartet med rød prikk. Kart hentet fra www.kartiskolen.no.


Odel, Selteveien 188, 3512 Hønefoss, tlf: 906 27 614, e-post: odel@odel.no