
Foto: Torbjørn Røberg.
Det var Heilag Olav som kom gjennom dalen her. Eg har høyrt at når han kom til Bjørko løysna skoen under eine foten på hesten hans, så han måtte stiga av salen og festa honom. Då var det nokon gygrar oppi lia som skratla og lo. Då sa han "staó i stein". Så der vart det stein både Gygri og Gygremann, men kona ho har ramla ned, men Gygremann står den dag i dag, viss du kjem ned til svingen der under Saude, og ser oppi mot himmelsynet ser du Gygremannen står der.
Leif Fjellheim fortalde ei lik segn, men her er mer av samtala mellom Jutlamannen og Olav.
Trollet kom ut av berget og sa "Olav med ditt lange skjegg, du rir for nær vår kjellarvegg".
Olav svarte på det med "Står du der i stokk og stein, til eg kjem at ende".

Kart hentet fra www.kartiskolen.no.