
Foto: Torbjørn Røberg.
Hallingskeid av Jakob Vik
Skeid det kommer av en konkuranse. Innpå dei fine flatane der møtest folk i frå Hallingdal, Lærdal og Indre Sogn. Det var ein heil del både byttehandel og handel med dyr og hestar blant anna. Dei kapprei hestane sine inne på der, og skeid navnet skal komme av det.
Hallingskeid av Jens Mo
So har du Hallingskeisadn - kjøpestaden. Der møttes austlendingane og vestlendingane og gjorde bytte handel, når mennane reiste sendt konene med likskjorta å, det kunne vera drepe nokke, det er ikkje godt å veta, veit du. Dei kalla det før Hallingskeisadn.
Hallingskeid sine gravar av Knut Ivarson Skogen
Hallingskeid var omtrent som Filefjell. Det var leik der og det var stemneplass og handelsplass. Ein ting som var sikkert var at mann og kone var som regel i saman når dei var der. For kona måtte alltid ha likskjorta med seg. Det var det same på Sankt Tommas kyrkja på Filefjell. Desse here gamlekarane sa det, og vart det uhyggsamt var det ein som låg at i slagsmålet. Ferdeg med det. Det var oppe og avgjort, men han måtte sjølvsagt begravast og det er alt som talar før at dei grov dei ned ein viss plass alle saman. Det var murt med ein svær mur eller lav pelar med steinar der, tørr som ein kloss. Ingen hugsa om det hadde vært ei kyrkje eller noko slik eller anna der. Men eit eller anna har det nok vore.
Vegen gjekk forbi der, den gamle vegen som gjekk framover Gaornoadn og fram i Buasogan og Eivindbui sjølvsagt og sørover. Der låg vegen frametter Sand´n og vidare framover, og han gjekk forbi den muren. Då gamle karane kom der om haustane på jakt. Og fysta gongi når dei ginggu forbi der då tek dei av seg huva og helste og stoppa og bukke til denna der. Men det var berre fyrste gongi dei reiste forbi der den hausten. Seinare det var ikkje brukt då, men det var liksom fyrste gongi dei helste til dei som muligens var begrevene der.
Det var ingen andre plassar dei helste, men der helste dei og eg hev vore med gjenge forbi der og då helste eg. For det gjorde dei og eg måtte gjere det sama. Og dei sa det i hytta der om kvelden at eg måtte aldri fortelja nokon kor denna der krossen eller muren var, kor den låg henne. Før dei som låg der dei skulle få fred.
