Eivind var i frå Hallingdal. Det var anten i frå Vats eller Leveld. Han skreiv seg som Eivind Gurigard og var handelskar og handla både med fe og anna, sjølvsagt salt og fisk. Han var godt kjent i Lærdal. Han kom kvart år, og fleire gonger om året.
Han kom bort i eit slagsmål, det var austafjells, men akkurat kor det var, det er vanskeleg å seie, men han Eivind drap ein mann der. Domen var på Austlandet i Hallingdal, i Ål eller rundt omkring i der. Han vart dømt til fem år fredlaus etter som segna seier her. Some seier ti. Some seier meir. Eivind vart sjølvsagt dømt fredlaus og han rømde til skogs, men han hadde ein masse med venner rundt omkring i og då dertil uvenner.
Eivind hadde hytter eller jordgammar eller kor vil seie mange plassar rundt Ål og opp over fjellet der, kor den sista var den vi kallar Eivindbui her frami Stora Buasågan i Lærdalsfjellet. Det var der vegen gjekk mellom Austlandet og Vestlandet og ned Hallingdal. Og her var han godt kjent med nokon folk.

Eivindbui i Stora Buasågan. Foto: Torbjørn Røberg.
Bua er gått tillaga. Det er berre heller på taket, men der som vatnet skulle renne ned, la han hellene vidare utover slik at det ikkje skulle renna inn i sjølveaste bua.
Han Eivind hadde ein sumar ei ku med seg der inne, slik at han hadde mjølk. Dei hjelpte han alle her i Lærdal.
På vintrane budde han framme i Mosøyane. Det er ein to-tre hundre meter her i frå. Der var det masse med husmannsplassar den gången og der budde han i ein kjellar. Alle rundt i grenda her visste om at han Eivind budde der, og dei ville ha han Eivind. Det var ingen som ville drepa honom av den grunn at han var ein god jeger.
Om hausten då skaut han Eivind rein og fanga dei i dyregravar. Han bar dyra eit stykkje heimover, så kom folk her i frå og bar kjøtet og skinna heim. Då hadde dei både mat og kleder. Så han Eivind var velkommen over alt her, men han som drap honom det var ein nede i frå Bø her.
Det segna seier er at han Hermund Bø gjorde det. Han skulda Eivind anten tjue, eller førti dalar som han hadde lånt av honom. Dersom han drap Eivind slapp han då sjølsagt å betala dei dalarane. Hermund hadde fått greie på at han Eivind budde der framme i Store Buasågan, og reiste på jakt med drengen sin. Då dei kom fram, såg dei at han satt foran hytta si og luska seg. Det var masse med lus den gången og reinleiken var svært dårleg når ein låg slik til ute.
Hermund sa til drengen sin, " nó får du skite han du". Men drengen ville ikkje gjera det han og bles fengekrutet av fenghetta. Det var slike gevær då med flintelås på, og det måtte dei ha lite krut på der som flintesteinen slo gnisten på og tente eld på ladningen. Og så klikka det. Det var berre ei lita klikk når han slo på flintesteinen. Det høyrde han Eivind, og greip etter geværet sitt. Han hadde geværet nærme seg heile tida, men då skaut Hermund sjølv og Eivind seig ned. Eivind ropte då til Hermund Bø, "hadde du ikkje våre så gó te skåte nó så skulle Jen-svalla nakka te de". Eivind kalla geværet sitt Jen-svala. Det var det siste han sa. Med drapet slapp Hermund å betale dalarane tilbake.
Alle austanfor og her i Lærdal var galne på dette her. Dei likte ikkje at han var skåten og sjølvsagt tok då han Hermund det som Eivind hadde der oppe. Han Hermund var og handelskar. Han var austanfor og selde sild, fisk og salt, særleg salt i den tid. Det var det som var det viktigaste.
Då tok dei denne der uslingen og gav han så mykje juling at han greide ikkje å gå. Han Hermund var så forderven slegen at han måtte sitte på kjerra for å komme omkring. Hermund levde ei tid etter, men han fekk aldri at helsa. Han var så sjuk og dårleg. Akkurat tida, det skal ikkje eg påstå no, men det var kort tid etter slik at han Eivind fekk liksom hemn han og.
Same segna går og att i Ål. Slik var det han Eivind kom av dage. Bua hans står der i fjellet i dag.
Kommentar: Eivind Gurigard er en historisk person. Han virkelige navn var Eivind Gudbrandsgard. I 1719 kranglet han i stuen på Espegard med sin nabo Ola Gunnarson Øylien om en tømmerstokk. Eivind hadde hogget stokken, men Ola hadde tatt den og hevdet at den var hogget på hans eiendom. Krangelen ble kvass og kniven satt løst i sliren hos dem begge og de stakk etter hverandre. Utfallet ble at Ola ble liggende død til gulvet med to knivstikk, ett i armen det andre ved venstre brystvorte. Eivind ble overmannet, men klarte å rømme med hjelp av sin bror Ola Olsen. Den 20. september 1719 ble han dømt fredløs. I 18 år levde Eivind i fjellet mellom Hallingdal og Lærdal og bygget buer som han bodde i. Hovedsetet var Iungsdalen der han ble funnet død i Tovike i Djupsvatnet i 1737.

Eivindsbui i Stora Buasågan markert på kart hentet fra www.kartiskolen.no.